Økonomileiar / kontormedarbeidar
Sordalgruppen søkjer ein økonomileiar / kontormedarbeidar til ei 80% stilling med tilsetting snarast. Vi tilbyr varierte arbeidsoppgåver i eit konsern med omlag 30 tilsette, og vår nye medarbeidar vil få ei nøkkelrolle i vårt leiarteam. Vedkommande vil få ansvar for økonomiske oppgåver som lønnsutbetaling, fakturering og rekneskapsføring, i tillegg til administrative oppgåver som internoppfølging av tilsette og ulike typar støttefunksjonar. Arbeidsstad blir ved vårt kontor i Førde.
Sordalgruppen er eit konsern i stadig utvikling med aktivitet innan ei rekkje fagfelt som til dømes fiskeoppdrett, turisme og detaljhandel. Vi kan vise til sterk økonomisk vekst dei seinare åra og status som gasseleverksemd (Sordal Supply 2018), og ønskjer no å strekke oss mot nye mål. Vil du bli med på laget?
Sordalgruppen tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling. Vi oppmodar særleg dei med rutine og lang erfaring innan økonomi og administrasjon om å søkje stillinga.
Kvalifikasjonar
– Du må ha relevant utdanning og/eller erfaring
– Du må ha evne til å jobbe sjølvstendig, men og saman med andre i eit leiarteam
– Du må vere strukturert og ryddig
– Du må ha god datakunnskap
Søknadsfrist: 1. august
Ønskjer du meir informasjon om stillinga? Ta kontakt med dagleg leiar Even Søreide på telefon 476 22 963 eller e-post even@sordalgruppen.no.
Skriftleg søknad med kopi av attestar og vitnemål kan sendast til post@sordalgruppen.no.