Sordalgruppen

Kvalitet uansett bransje

Sordalgruppen AS er eit konsern med hovudkontor i vestlandsbygda Søreide i Sogn og Fjordane med fleire datterselskap innan ulike fagfelt. Vårt mål er å levere høg kvalitet på varer og tenester uansett bransje, og vi er kontinuerleg på jakt etter måtar å forbetre oss på.

Vi søkjer for tida etter ein forretningsutviklar / prosjektleiar. Les meir om stillinga.

Selskap i Sordalgruppen

Sordal Aqua Service

Leverandør av effektiv, trygg og fagleg forankra døgndrift av avlusingsprosessar ved oppdrettsanlegg.

Sordal Supply

Leverandør av høykvalitetsvarer innan fiskeri, landbruk, transport, maskin- og anleggsmarkedet.

Sordal Eiendom

Utvikling, sal og utleige av eigendom i Sør-Norge.

Sordal Prosjekt

Prisgunstige handverkstenester innan ei rekke fagfelt.

Sordal gard

Sordalgruppen er representert med avdelingskontor i Oslo og Førde, men røtene og hovudkontoret ligg i bygda Søreide. Med kjøpet av Sordal gard i heimbygda i 2019 fekk Sordalgruppen ei enno sterkare lokal forankring, og no ønskjer vi å utvikle Sordal gard vidare inn i ein ny æra der turisme, opplevingar og innovasjon erstattar tradisjonelt vestlandslandbruk.

Sognefjord

Sordalgruppen vart til bokstavleg talt eit kort steinkast frå Sognefjorden si strandlinje, så kva var vel meir naturleg enn å bruke nettopp den verdskjente fjorden som grunnlag for vårt konsept innan reiseliv og opplevingar? Under merkevarenamnet «Sognefjord» tilbyr vi alt frå vårt eige øl til RIB-turar og kle til fastbuande og tilreisande.

Hovudkontoret til Sordalgruppen
ligg på Søreide i Sogn og Fjordane

Sordalgruppen© 2019 |

Utvikla av Finurlig

finurlig.no