Om Sordalgruppen

Sordalgruppen er eit konsern som samlar all Sordal-aktivitet, både våre datterselskap, merkevarer og konsept. Det er i Sordalgruppen det meste av utvikling og strategiutforming i våre selskap blir gjennomført, og morselskapet leverer også diverse støttefunksjonar nedover i organisasjonen.

På denne sida vil du finne informasjon om aktiviteten i Sordalgruppen som ikkje er organisert som eit eige datterselskap. Ønskjer du meir informasjon om dei, besøk sida Våre selskap.

Sognefjord


Den majestetiske Sognefjorden har gjennom tusenvis av år vore sjølve livsgrunnlaget for innbyggjarane i Sogneregionen. I 2018 starta Sordalgruppen opp konseptet «Sognefjord» retta mot både tilreisande og fastbuande langs fjorden. Målet er å tilby ein portefølje av tenester og produkt med lokal identitet, og byggje ei sterk og gjenkjenneleg merkevare fundert på historie, kultur og gode sogneverdiar.

«Sognefjord» er framleis i startfasen og konseptet vil bli arbeida aktivt med i åra som kjem.

Fjordpils og Blikkstille. To av våre øltypar brygga som del av «Sognefjord» konseptet.

Sordal gard


Sordal gard er eit 380 dekar småbruk på Søreide i Høyanger kommune som vart kjøpt av Sordalgruppen i 2019.

Vi er no i ferd med å renovere bygningsmassen og planlegge framtida til garden. Sordal gard vil vere hjartet i Sordalgruppen framover, og bli vår base i utvikling av reiselivsprodukt og tenester som skal inngå i «Sognefjord» konseptet.

Sordalgruppen© 2019 |

Utvikla av Finurlig

finurlig.no